Ein hyllest til teikneseriepioneren Haakon Aasnes, som fyller 80 år! Ingen annan norsk teikneserieskapar har slik breidde og variasjon i produksjonen som Håkon Aasnes. Og ingen har halde på så lenge. Aasnes har både teikna og skrive fleire av Noregs mest populære og folkekjære seriar:
Nr. 91 Stomperud, Smørbukk, Fantomet, Donald Duck og Olsenbanden. Dessutan har han skapt eigne, populære seriar som Kråka Konrad, Seidel og Tobram, Vi på Eiketun, Annika og Hanna, for å nemne nokon. Jula ville ikkje vore den samme utan Håkon Aasnes. Vi takkar for julehefte som Tuss & Troll, Smørbukk og mange fleire. Denne boka presenterer eit stort utval av alt Håkon Aasnes har gjort som profesjonell teikneserieskapar i over 50 år. I tekst og med illustrasjonar takkar vi for alt han har gitt oss. Det er ikkje lite og han held fram arbeidet sitt.