Juletre

Jula er ein kjøpefest ifølgje handelstanden, men treng det vere slik? Nei, seier vi i Norsk Barneblad. Jula treng ikkje vere ein kjøpefest som ikkje alle kan, eller vil, bli med på. Jula treng ikkje vere dyr for å vere hyggeleg. Ei dyr jul er ikkje noko betre og meir minnerik enn ei meir nøktern jul. Garantert ikkje. Det er vi menneske som gjer jula fin, ikkje alt vi kjøper. Så i år går vi for ei heimelaga og rimeleg jul.