JULETRE

No er det på det mørkaste her oppe i nord. Difor er julefeiringa så viktig for oss. Mykje lys og god mat er akkurat det vi treng. Før vi feira kristen jul. så feira vi vinterblot. Det er ikkje noko nytt at vi samlar oss og er saman i den mørkaste tida. Før jul er det fint å gjere ting saman. Lage julegåver eller bake kaker. Inviter vennene dine til juleverkstad – kos dykk saman og lag dykkar eige lys i mørkret!