Kjempedyra som forsvann

Mammut

Mammuten er ein nordleg slektning av den indiske elefanten. Han var

hårete og stor, og han var godt tilpassa kalde strok, med ein eigen

klaff over rumpeholet så det ikkje skulle fryse. Kult!

 

Bjørn

Vår bjørn var større enn dei som levde lenger sør, fordi han måtte tole

kulde. Han hadde større overflate og kunne produsere meir varme enn

mindre bjørnar. Berre tenk på dei store isbjørnane.

 

Løve

Dei store løvene, som levde den gong, heiter holeløve. Løver her oppe i

nord? Ja, mykje tyder på at det levde holeløver så langt nord som hos

oss.

 

Nashorn

Ullhåra nashorn er eit stort og hårete dyr med eit skikkeleg horn midt

på nasen. Desse dyra har ein funne restar etter. Til dømes levde mange

av dei i Sibir, og det er ein eigen art som heiter sibirsk nashorn. Dei

var like store som mammutar.

 

Moskus

Vi har på nytt moskus her i landet.  Er du heldig, kan du sjå dei på

Dovre. Men hald deg langt unna. Dei er ikkje vennlege mot inntrengarar

på deira område. Og dei er svært raske til beins, sjølv om dei ser store

og tunge ut. Ikkje la deg lure.

 

Bison

Bison-kveget heldt på å bli heilt utrydda av amerikanarane, som tenkte

at om dei drap alt bison-kveget, ville indianarane også bli borte. Dei

skaut bison frå tog som køyrde over prærien, og først då det berre var

omtrent 100 dyr att, blei den meiningslause drepinga stansa.

 

Ulv

Den typiske ulven er ein amerikansk art og vart størst der. Dei fleste

artar er alltid størst der dei opphavleg kjem ifrå.

 

Sabeltanntiger

Desse høyrer saman med andre sabelkattar. Alle er utdøydde, men alle

hadde store hjørnetenner. Desse hoggtennene var lange og kraftige, forma

som nettopp sablar.

 

Kva dyr frå megafauna har vi funne restar av?

Isen har skrapa bort det meste av restar etter desse dyra. Det er

vanskeleg å vite kva slags dyr som faktisk levde her, men likevel veit

vi ein god del. Det er alltid fleire planteetarar enn rovdyr. Dersom det

var flest rovdyr, ville det fort bli problem. Berre tenk etter.

Frå Norsk Barneblad nummer 7/8 august 2020

 

Har vi megafauna i dag?

Her i landet har vi moskus, elg og hjort. I verda har vi elefant,

isbjørn, sjiraff, kjempepanda, nashorn, bison, gorilla, blåkval og mange

andre.

 

Teikning: Mauricio Anton/ Science Photo Library