Lengst nord på kloden ligg ei frosen vinterverd. Trass i kulda lever det både menneske og dyr her. Eit lite stykke av dette er den norsk øya Svalbard. Arktis er land- og havområda som ligg rundt Nordpolen.
Det kalde nord har vore heim til folk i tusenvis av år. Dei klarer seg i kulden med erfaring og klokskap, og utnyttar alt det som finst rundt dei. I dag bur det rundt 4 millionar menneske i dei arktiske områda. Rundt 400 000 tilhøyrer forskjellige grupper av urfolk.
Ein av naboane til Svalbard er Grønland. Den amerikanske presidenten vil kjøpe øya, men Grønland er dansk og kan ikkje kjøpast. Les også om korleis Grønland blei dansk.
Kongen av Arktis er isbjørnen. I eventyra til inuittane er han kalla «Pihoqahiak» - den evige vandrar. Isbjørnen er alltid på veg, på leit etter mat i den aude isen.
Maria Philippa Rossi er gjesteredaktør og dette temanummeret er støtta av Fritt Ord.
Det blir utarbeidd lærarrettleiing til dette temanummeret. Sjå vår heimeside www.barneblad.no
