Kvifor betyr klede så mykje for oss?

Kva skal du ha på deg?

Klede kan vere så mykje. Vi har klede for å beskytte oss mot vind og ver. Klede gjorde det mogleg for menneske å spreie seg over nesten heile jorda. Vi bruker klede til å vise kven vi er. Klede spelar ei stor rolle i liva våre, men kven har bestemt korleis vi kler oss? Kvifor synest vi nokre klede er finare enn andre? Norsk Barneblad august 2023 handlar om framveksten av moteindustrien og ei verd av klede.

På framsida ser du Iris Apfel. I august 2023 fyller ho 102 år. Verdas eldste moteikon!

Framsideteikning Mai Lindberg.