Løgn eller sanning?

Kva skal vi tru på? Korleis kan vi sjekke at noko er sant og ikkje ei falsk nyheit? Kvifor er det så lett å bli lurt? Siste utgåve av Norsk Barneblad handlar om nettopp dette. Du får spennande historier samtidig som du skal bli minna på eit alvor. No når kunstig intelligens kan lure oss trill rundt, og falske teoriar kan bli spreidde på internett før du veit ordet av det, er det viktig å tenke sjølv. Vi må vere kritiske til det vi les. Vi må rett og slett trene oss på å skilje sant og usant!