Magisk animasjon

Animasjon er morosamt og ikkje så vanskeleg som ein kanskje skulle tru. Dette er ein fin aktivitet for heile familien. Spesielt i desse dagar når ein ikkje skal vere saman med for mange. Den ferdige filmen kan du jo sende til alle du kjenner!

Vi menneske har alltid laga bilde, heilt tilbake til holemåleria. Dette er ikkje noko nytt. Vi snakkar om tusenvis av år. Men å få bilda til å bevege seg har vi berre kunna dei siste 140 åra. I dag er vi omgitt av bevegelege bilde av ulike slag, men for dei første som fekk sjå levande bilde, må det ha vore rein magi. Les meir om dette i Norsk Barneblad nummer 1 januar 2021. Framsideillustrasjon av Mai Lindberg.