Alle kan synge, alle kan lage musikk. Ja, det er sikkert nokon som er flinkare til det enn andre, akkurat slik nokon er flinkare til å løpe fort, teikne eller skrive. Men alle kan synge. Når du er liten syng du som berre det – utan å tenke at du «ikkje kan». Det gjer noko med oss når alle syng saman.
Først kom stemma vår
Forskarar trur at musikken oppsto før vi kunne snakke eller i alle fall då vi starta å snakke. Musikk var noko vi gjorde saman. Vi hadde glede av det og det sveisa oss i hop som gruppe. Vi «snakka» med kvar- andre gjennom sang og musikk.
Kvifor fann vi opp musikken?
Musikk skapar fellesskap i grupper og folkeslag. Det er fint til å markere ulike ritual, jakt og dans. Musikk kan trøyste. Vi synger voggesongar for barn. Musikk gir glede og er fint til feiring. Vi song til ære for gudar eller for å fortelje historier.
Musikk til arbeidet
Frå gammalt av så har vi alltid brukt musikk til arbeid. Dei som rodde båtane, song for å halde takta i åreslaga. Dei som arbeidde på åkrane, i gruvene, i steinbrotet – alle song medan dei arbeidde. Faktisk så gjekk arbeidet lettare når alle song i takt.
Kjærleikens musikk
Vi song til våre kjære for å fortelje dei kor forelska vi var. Det starta nok også veldig tidleg. Tenk på kor mange andre dyr som brukar lydar og song for å imponere. Musikk er følelsar og seier noko om kven vi er. Dei fleste land har ein nasjonalsong. Vi syng vår kvar 17. mai.
Kva musikk liker du?
Vi viser litt av oss fram når vi fortel om kva musikk vi liker best. Musikksmaken vår seier noko personleg om oss. Vi kan endre smak gjennom livet, men dei fleste av oss har musikk vi alltid vender tilbake til. Den har blitt ein del av kven vi er.
Her er spelelista med smakebitar
https://open.spotify.com/embed/playlist/6FiywTFxInxBu5qr8Cz6PR?utm_source=generator
