No kjem fuglane!

No kjem våren med fuglesong og lauvsprett. For meg er det like stor stas kvar vår når trekkfuglane kjem tilbake til oss. Mange av desse sjarmerande fjørballane har reist skikkeleg langt. Enkelte av dei er bitte små og veg berre 12 gram. Tenk det, du! 12 gram! Det er ei teskei sukker omtrent! Rart å høyre kor høgt og sterkt dei kan synge, når dei er så små. Andre er større, men ikkje mindre fine av den grunn.

Å følgje med på korleis fuglane våre har det, er å ta temperaturen på jordkloden vår. Har fuglane det bra? Er dei like mange som før? Dessverre er svaret nei. Jordkloden er ikkje heilt frisk, og mange fuglar minkar i tal. Men det er ikkje utan håp. Mange tiltak er på plass, og kunnskap om fuglane aukar. Kunnskap er viktig. Vi må vite kva vi kan gjere for å hjelpe. Ringmerking av fugl er ei viktig kjelde til meir kunnskap.

Teikning Mai Lindberg

Vi håper du blir endå litt meir begeistra og glad for alle fuglar etter å ha lese om dei her. Og så får du gå ut og høyre litt på fuglesongen! Men sjå først godt på denne vakre gulerla, kan hende ser du ho også? I eit tre nær deg…

GULERLE - foto Sveinung Lindaas