Pur gammal juleglede

Det litterære julehefte JULETRE har kome ut sidan 1898. Juletre er kanskje det eldste hefte som framleis kjem ut kvart år.

Dette er ikkje eit retro-hefte, som prøver å gjenskape ei gammaldags jul. Nei, dette ER den jula, som stod på trykk på femti, seksti og syttitalet.

Vi har leita fram perler, som var spesialskrivne for Juletre. Vi har trykt dei på nytt med dei flotte illustrasjonane som høyrde med.

Forfattarar som Halldis Moren Vesaas, Åsta Holth, Mikkjel Fønhus, Alf Prøysen, Ragnvald Vaage, Halvor Sandsdalen og mange andre skreiv for Juletre. Du finn ikkje desse forteljingane andre stadar.

Juletre har hatt veldig mange lesarar rundt om i landet. Her får mange av dei eit fint gjensyn med si barndoms jul. No kan dei dele sine opplevingar med den oppveksande slekt.

Juletre har mange gode tekstar som innbyr til høgtlesing. Noveller, juledikt, salmar og andre små tekstar med julestemning.

Mange underhaldande striper med ein frisk og spretten Smørbukk i julestemning, både frå Jens R. Nilssen og Solveig Muren Sanden.

Vi håper at mange legg bort mobilen og prøver våre morosame og enkle juleleikar. Desse kan heile familien ha glede av saman.

Ja, slik ein feira jul før i tida. Saman med høgtlesing, song og leikar!

Så bort med mobilen og fram med Juletre!

Eit ekte gammalt julehefte!