Robot-lønn?

Familien Gundersen eig ein liten møbelfabrikk i Haugesund. Her lagar dei kontorstolar. 100 arbeidarar set saman stolane frå ferdige delar. Ein dag bestemmer familien Gundersen seg for å automatisere heile fabrikken. Berre 10 av arbeidarane trengst for å passe på robotane. Då blir 90 arbeidarar utan lønn og må ha hjelp. Kven skal betale dei arbeidsløyse-pengar før dei finn seg nye jobbar? Skal familien Gundersen få alle inntektene frå robotane, som svarar til 90 lønningar? Eller skal familien Gundersen, som eig arbeidet til robotane, betale skatt og avgifter for dette arbeidet?

 

Skatt på robotarbeid

I dag betalar alle med lønnsinntekt skatt. I framtida må vi diskutere om robotane også må betale inntektsskatt slik folk gjer. Store utgifter til velferdssamfunnet vårt må betalast. Robotane må vere med på å betale denne rekninga. Deira arbeid har ein verdi som må skattleggast. Lønn til ein robot må behandlast som lønn til eit menneske. Elles risikerer vi at robotane si verdiskaping går til dei rikaste i verda, og berre til dei. Kven skal då betale rekninga for eit godt samfunn?

Illustrasjon av Mai Lindberg

 

Frå Norsk Barneblad nummer 11 november 2021