

Vil du selje julehefte?
Vil du tena pengar til jul? Eller kanskje klassen din eller korpset ditt treng pengar til klassetur eller korpstur? Sel du julehefte for Norsk Barneblad, er det pengar å henta.
Du kan tinga så få eller så mange hefte du ønskjer, men det er ikkje returrett på Smørbukk eller Tuss & Troll, fordi vi har eit avgrensa opplag av dei hefta.
Utsalspris på begge julehefta er kr 95,00
Prisar
Som seljar får du hefta til desse prisane:
1 til 5 hefte kr 95,00 per stk.
5 til 10 hefte kr 70,00 per stk.
11 til 29 hefte kr 60,00 per stk.
30 til 59 hefte kr 50,00 per stk.
over 60 hefte kr 45,00 per stk.
Vi reknar ut prisane etter kor mange hefte du kjøper til saman. Kjøper du til dømes 50 Smørbukk, 50 Tuss og Troll, blir det til saman 100 hefte. Då blir prisen du skal betala til Norsk Barneblad, kr 45,00 per stykk og du skal du betala kr 4500,00. Og du tener til saman kr 5000,00 dersom du sel alle hefta.
Hugs at porto kjem i tillegg dersom du ikkje betaler på førehand. Ventar du med å betala til du har selt hefta (seinast 30. desember), kjem porto i tillegg.
(Porto for opptil 50 hefte er 200 kroner, og 250 kroner for 100 hefte.)
Send e-post til post@barneblad.no
__________________________________________________________________________
Ja, eg vil selja julehefte! Eg forstår at det ikkje er returrett på Smørbukk eller Tuss og Troll.
Eg tingar
................................ Smørbukk à kr.................... i alt kr ………….
................................ Tuss og Troll à kr.................... i alt kr ..............
Til saman kr..................................
Vi sender ut hefta frå 1. november og utover.
Set kryss ved betalingsmåten:
Eg sender betalinga saman med tinginga og får hefta portofritt tilsende.
Bankgiro 2440 05 05795
Den som har betalt, heiter: .................................................................................................
Eg betaler summen pluss sendekostnader når eg er ferdig med å selja, seinast 30. desember 2024
Namn .............................................................................................................
Adresse ..........................................................................................................
Mobilnummer for hentemelding …………………………………………………………
Underskrifta til ein vaksen dersom du er under 16 år.
......................................................................................................................
Send kupongen til Norsk Barneblad, Pilestredet 8, 0180 Oslo eller send e-post til
JULETRE kjem rundt 20 november og kan også tingast med rabatt for vidaresal.
Utsalspris er kr 69,00
Send til post@barneblad.no
