Snakk med meg!

Har du tenkt på kor fantastisk det er at vi kan snakke? Men kvifor snakkar vi? Når starta det? Kvifor er det ikkje det same språket i heile verda? Kva må til for at vi skal kunne snakke? Kan vi seie at dyra snakkar? Det er sanneleg litt å lure på.

I dette nummeret ser vi litt meir på dette. Her er det mykje vi ikkje veit. Det er heller ikkje så lett å finne svar. Eit fossil kan ikkje svare oss. Vi må leite på andre måtar. Det vi veit, er at det blei viktig for våre formødrer og forfedrar å kunne snakke saman for å overleve.