SOMMARMORO er eit aktivitetshefte for store og små. Vi håper at det skal inspirere deg til å legge frå deg mobilen, gå ut av huset og kanskje opp i eit tre? Du kan lære deg å sjonglere, bli ein meteorolog, sove ute, bygge ei hinderløype, lage iskrem, lære deg ein tryllekunst, spele bilbingo, teste kviss-kunnskapen din, løyse sommarkryssord, fargelegge, finne femten feil, gruble over oppgåver, lese teikneseriar, lage ein maurby, bygge eit insekthotell og fikse deg ei ny T-skjorte.
Teikning av Mai Lindberg