
På landsmøte til Norsk Tegneserieforum vart det offentleggjort at “Kongeriket og dei harde hjelparane” av Ivan Emberland og Øyvind Sveen får Sproingprisen for beste norske teikneserie i 2025. Teikneserien vart laga til Tuss og Troll jula 2025 gitt ut av Norsk Barneblad.
– Det artige er at det er teikneseriar som brukar humor. Dei treff med samfunssatire og samfunnskritikk. Dette er gode eksemplar på å bruke teikneseriar til å korrigere ting i samfunnet, sa generalsekretær i Norsk Tegneserieforum Jan P. Krogh, under landsmøtet skriv Serienett
I «Kongeriket og dei harde hjelparane» får kunsten til Theodor Kittelsen ei spesiell rolle for å stramme opp norske politikarar. Jan P. Krogh meinte at alle som jobbar med kultur skulle fått oversendt dette bladet.
Sproingprisen har vore delt ut sidan 1987. Det er første gang Ivan Emberland og Øyvind Sveen får prisen.
– Det er veldig gøy med pris til Ivan og Øyvind og Tuss og Troll. Dei har teikna og skrive ein skikkeleg god teikneserie som vi var veldig glad var ein del av Tuss og Troll jula 2025, seier redaktør i Norsk Barneblad, Nana Rise-Lynum.
Tuss og Troll jula 2025 kan ein framleis få kjøpt i Norsk Barneblad sin nettbutikk.
