Noregs beste teikneserie
Frida MikkelsenTysdag vart Sproingprisen 2025 delt ut til «Kongeriket og dei harde hjelparane» av Ivan Emberland og Øyvind Sveen publisert av Norsk Barneblad i Tuss og Troll jula 2025.
Norsk Barneblad
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
I årets Tuss og Troll er det både nye og gamle eventyr. Solveig Murens fine teikning til eventyret «Kvitebjørnen» er framside og første eventyr ut. Teksten er av Johannes Farestveit. Håkon Aasnes har teikna til det nye og hyggelege eventyret av Gard Espeland om postmannen og den uventa julegåva. Det gir oss skikkeleg god julestemning. Meir moro blir det i det nye eventyret av Øyvind Sveen og Ivan Emberland, «Kongeriket og dei harde hjelparane». Her får kultur-Noreg heftig hjelp frå kjende figurar frå Theodor Kittelsens folkekjære maleri. Så byr vi på hyggeleg gjensyn med «Ulv Gråbeinson Bikkjestad» og «Fire ynske» med tekst av Johannes Farestveit og teikningar frå Solveig Muren Sanden.
Utsalspris kr 95,- ISBN 9 788270 951550
