Stjernehimmelen!

Å drøyme seg vekk i stjernehimmelen er ikkje vanskeleg. Det har vi menneska gjort til alle tider. Ja, så lenge vi har funnast har vi vendt ansiktet opp mot himmelen og fantasert oss bort.

Men kva kan du om stjernene eigentleg? Veit du namn på mange stjernebilde? Mange fine forteljingar frå gresk mytologi handlar om stjernebilda vi ser her oppe i nord.

Les om kvifor Mjølkevegen heiter nettopp det og om kolreis Perseus fann kjærleiken. Kanskje finn du stjernbildet Perseus også?

November er ein fin månad for stjernekikking. Det må vere mørkt og det er det no. Finn ein plass utan for mange elektriske lyspunkt. Gatelys, reklameskilt og anna som lyser opp øydelegg for stjernekikkinga. Med dyr straum i store delar av landet er det håp om at mange lys blir slått av og det blir lettare å sjå stjernene. Ein kveld, utan for mange skyer eller fullmåne, er perfekt for å lære meir om himmelen over deg.

Er du heldig kan du få ein vaksen til vere med deg. Vaksne har godt av å lære noko nytt, dei også! Tippar at du snart er flinkare på stjernekonstellasjonar enn dei vaksne rundt deg.

Fleire av dei lysande objekta du ser på himmelen er satelittar. Det er svært mange slike som har forskjellige oppgåver for oss her nede på jorda.

Hugs varme klede, kikkert og liggeunderlag!