Har du lyst på noko godt? Når vi seier at vi har lyst på noko godt så meiner vi nesten alltid noko med søtt. Som løn for god innsats kan vi unne oss noko godt. Ein sjokolade eller ein karamell kanskje. Men har du tenkt på kva sukker er og kvar det kjem i frå? Forteljinga om sukker har ingen søt smak. Nei, denne forteljinga er faktisk veldig trist med ein vond og bitter smak. Vi i Europa elska smaken av sukker frå første stund. Så for å skaffe oss nok sukker måtte millionar av afrikanske slavar arbeide på sukkerplantasjar i Karibia og andre stadar i verda. Dette føregjekk i mange hundre år. Sukker gjorde mange i den vestlege verda skikkeleg rike. Vi er glade i søtsaker og godteri, men for mykje sukker er ikkje bra. Vi har blitt flinkare til å kutte i sukkerbruken. I 2000 brukte vi 43 kilo sukker i året, no er det omtrent 24 kilo per nordmann. Kanskje vil du lage ditt eige godteri? Vi har tips og oppskrifter. For å kose seg med ein sjokolade eller litt smågodt av og til er heilt fint. Det treng vi.