Vi du spele med meg?

Når du og eg bestemmer oss for å spele eit spel saman, så lagar vi eigentleg ein avtale oss imellom, sjølv om vi ikkje seier noko. Vi er einige om å kjempe mot kvarandre. Vi lovar kvarandre å halde oss til reglane i spelet. Ein av oss vil vinne og den andre vil tape. Vi godtar det.

Vi er med i den magiske sirkelen. Dei som utviklar spel kallar ein slik avtale for «å gå inn i den magiske sirkelen». Det er som ein sirkel måla med krit på bakken. Du går inn i sirkelen når du har avtalt å vere med i eit spel. Når vi spelar er vi i denne eigne verda, der berre reglane i spelet gjeld og vi gjer det vi kan for å vinne. Så går vi ut av sirkelen. Alt er normalt igjen. «Sirkelen» er skiljet mellom spelet og den verkelege verda.

Du kan spele deg smart. Det er ikkje tull. Mange spel kan gjere deg smartare. Men moderne dataspel kan også ta for mykje tid frå deg. Så kan du spele for mykje? Ja, det kan du, men det er aldri for seint å få hjelp.

I dette nummeret av Norsk Barneblad ser vi på spel gjennom tidene.