Hopp til produktinformasjon
  • Nærbilete av stabel med Norsk Barneblad-hefte, framsida viser illustrasjon av fargerike hus og ei jente som luftar hund
1 av 1

Norsk Barneblad

Klassesett Norsk Barneblad – 10 blad, 1 år

Vanlig pris 2.350,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 2.350,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.

Klassesett – 1 år, 10 blad

Norsk Barneblad er eit nynorsk blad for barn med fokus på tema, og eignar seg godt til bruk i undervisninga. Med eit klassesett får 10 elevar 11 utgåver av Norsk Barneblad i løpet av eit år, som eit løpande abonnement. Du bestiller talet på blad som stemmer med elevtalet i klassen.

Klassesett på minimum 10 blad kostar kr 235 per elev per år. Klassesett på minimum 15 blad kostar kr 210 per elev per år. Klassesett på minimum 20 blad kostar kr 185 per elev per år.

«Det fine med Norsk Barneblad er at det har fokus på tema. Tematisk innhald kan nyttast i fag som norsk, samfunnsfag, naturfag og KRLE. Det blir brukt lite lærebøker no, mest digitale ressursar, men elevane har så godt av å få møta tekst i papirutgåve òg. Nynorske tekstar er ikkje lett å få tak i, og nynorsk er svært viktig for dei som har nynorsk som opplæringsmål. Gjennom den nye læreplanen skal elevane møta tverrfaglege emne. Dei skal diskutera, reflektera, argumentera, og gå i dybden. Utgåvene til Norsk Barneblad er fine å ha når me lagar modulplanar i undervisninga.»

— Kjersti Øvestad, Håland Skole, Sola kommune

Ta kontakt dersom du treng eit anna tal på blad og få tilbod.