Noregs beste teikneserie
Frida MikkelsenTysdag vart Sproingprisen 2025 delt ut til «Kongeriket og dei harde hjelparane» av Ivan Emberland og Øyvind Sveen publisert av Norsk Barneblad i Tuss og Troll jula 2025.
Norsk Barneblad
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Klassesett – 1 år, 15 blad
Norsk Barneblad er eit nynorsk blad for barn med fokus på tema, og eignar seg godt til bruk i undervisninga. Med eit klassesett får 15 elevar 10 utgåver av Norsk Barneblad i løpet av eit år, som eit løpande abonnement. Du bestiller talet på blad som stemmer med elevtalet i klassen.
Klassesett på minimum 15 blad kostar kr 210 per elev per år. Klassesett på minimum 20 blad kostar kr 185 per elev per år.
«Det fine med Norsk Barneblad er at det har fokus på tema. Tematisk innhald kan nyttast i fag som norsk, samfunnsfag, naturfag og KRLE. Det blir brukt lite lærebøker no, mest digitale ressursar, men elevane har så godt av å få møta tekst i papirutgåve òg. Nynorske tekstar er ikkje lett å få tak i, og nynorsk er svært viktig for dei som har nynorsk som opplæringsmål. Gjennom den nye læreplanen skal elevane møta tverrfaglege emne. Dei skal diskutera, reflektera, argumentera, og gå i dybden. Utgåvene til Norsk Barneblad er fine å ha når me lagar modulplanar i undervisninga.»
— Kjersti Øvestad, Håland Skole, Sola kommune
Ta gjerne kontakt dersom du treng eit anna tal på blad og få tilbod.

