Noregs beste teikneserie
Frida MikkelsenTysdag vart Sproingprisen 2025 delt ut til «Kongeriket og dei harde hjelparane» av Ivan Emberland og Øyvind Sveen publisert av Norsk Barneblad i Tuss og Troll jula 2025.
Norsk Barneblad
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Jorda er insekta sin planet! Det er ikkje vi menneske som er flest her på jorda. Nei, det er alle insekta. Vi menneske er vane med å setje oss sjølv først og over alt anna levande, men insekta kom hit lenge før oss. Dei blir også verande att om vi blir borte. Det er vi som er på besøk. For kvart menneske som lever på kloden i dag, finst det meir enn 200 millionar insekt. Av alt levande på jord er det flest maur. Insekta har hatt lang tid på seg til å utvikle seg, og tilpasse seg planeten vi deler med dei. Ikkje uventa har dei utvikla seg til å bli perfekte vesen for sitt liv. Insekta er fantastiske! For oss menneske er dei livsnødvendige.
