Hopp til produktinformasjon
1 av 2

Norsk Barneblad

Norsk Barneblad 10/23

Vanlig pris 69,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 69,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.

Natta er skummel for vi ser nesten ingenting. Før i tida hadde vi lite utelys og då var natta skikkeleg svart. Å vere mørkeredd er heilt naturleg. Når lyset kjem er det som oftast ingenting å vere redd for. Då ser vi kva alt er.

Liker du å bli skremt? Sånn på tull altså. Mange av oss synest det er gøy å bli skremt når vi er trygge og veit at det ikkje er farleg eller på ekte. Berre tenk på halloween. Dei fleste har stor moro med tulleskremming på halloween. Men kvifor liker vi det?

Sjølv små beibiar ler av «titt-titt»-leiken som er ein slags skremmeleik. Hunden min, Arthur, har det skikkeleg gøy når vi gøymer oss og sprett fram og seier bø til han. Då hoppar han rundt som ein galning og veiftar vilt med halen.

Det er ikkje berre når vi er vakne vi kan bli skremt. Du har sikkert vakna opp av ein ekkel draum. Å drøyme nifst om natta er ein måte å øve på fortel psykologane. Du kan øve deg på å møte situasjonar du er redd for. Det er smart. Så om noko du er redd for blir verkeleg, men det gjer det neppe, så er du førebudd. Du har øvd. Dette fortel oss likevel ikkje kvifor vi let oss skremme for underhalding og moro. Kva trur du?

Viktig: Det er fullt lov å seie nei takk til nifse filmar eller bøker. Du er ikkje barnsleg eller feig om du ikkje vil bli skremt.