Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Norsk Barneblad

Norsk Barneblad 11/2022

Vanlig pris 65,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 65,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.

Stjernehimmelen!

Å drøyme seg vekk i stjernehimmelen er ikkje vanskeleg. Det har vi menneska gjort til alle tider. Ja, så lenge vi har funnast har vi vendt ansiktet opp mot himmelen og fantasert oss bort.

Men kva kan du om stjernene eigentleg? Veit du namn på mange stjernebilde? Mange fine forteljingar handlar om stjernebilda vi ser her oppe i nord. I dette nummeret kan du lese om Perseus og kjærleiken frå gresk mytologi. Kanskje finn du han på himmlen også?

November er ein fin månad for stjernekikking. Det må vere mørkt og det er det no. Finn ein plass utan for mange elektriske lyspunkt. Gatelys, reklameskilt og anna som lyser opp øydelegg for stjernekikkinga. Med dyr straum i store delar av landet er det håp om at mange lys blir slått av og det blir lettare å sjå stjernene. Ein kveld, utan for mange skyer eller fullmåne, er perfekt for å lære meir om himmelen over deg.

Er du heldig kan du få ein vaksen til vere med deg. Vaksne har godt av å lære noko nytt, dei også! Tippar du snart kan namnet på fleire stjernekonstellasjonar enn dei vaksne rundt deg.

Hugs varme klede, kikkert og liggeunderlag!