
Alt du ikkje visste om blomstrar!
Nana LynumNo kjem mai og det er full vår. Dette er den vakraste tida på året, synest mange av oss. Grøne blad som sprett fram og blomstrar som kjem opp av...
Norsk Barneblad
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Har du tenkt på korleis folk kom seg fram før hjulet var funne opp? Dei måtte gå på eigne føter og bere alt på ryggen og i armane sine. Enkelte folkeslag hadde kløvdyr, som hest og anna, men det meste måtte dei fleste gjere med eigne bein som framkomstmiddel. Hjulet er rett og slett ein av dei oppfinningane som har endra liva våre mest. Du har sikkert ein sykkel som fraktar deg fram dit du skal mykje raskare enn om du må gå. Vi har bilar, bussar, tog, lastebilar, traktorar og mangt anna som får oss dit vi skal og med alt som skal berast og gjerast.
Hjulet er rett og slett veldig smart, og vi kunne knapt klart oss utan! Men no er det kanskje litt mange motoriserte «hjul» i verda? Det er veldig vanskeleg å endre vanar, og bilbruk er ein slik vane dei fleste av oss har.
Det er utarbeidd lærarrettleiing til dette bladet! Du finn den under meny Lærarrettleiing.