
Ein alien på jorda
Nana LynumBlekksprutane er fantastiske. Alt dei kan. Ekstra rart er det å vite at ingen dyr står så langt ifrå oss som akkurat han. Vi er meir i slekt med ein...
Norsk Barneblad
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Det er snart påskeferie. Du tenker kanskje ikkje så mykje over kvifor vi har denne ferien? For enkelte av oss er påskeferien lik andre feriar. Vi reiser kanskje til hytta for å stå på ski og ete appelsin i solveggen. Eller vi blir heime og ryddar i hagen. Ein pust i bakken og tid for litt ro. For dei kristne er feiring av påske den største og viktigaste feiringa. I Norsk Barneblads påskespesial skal vi sjå litt på kva påsken eigentleg handlar om. Det er mange tradisjonar knytt til påsken. Kvifor et vi påskelam og kvifor pyntar vi påskeegg? Kvifor fargen gul? Kven er påskeharen? Og kva er greia med krim til påske? Du får gode tips til både påskegodt du lagar sjølv og korleis du kan pynte fine egg. Ekstra stor påskekviss, lang påskekrim og ei ny detektivgåte med lensmann Snufs.
God påske!
Det er lærarrettleiing til denne utgåva av Norsk Barneblad