Snakk med meg!
Har du tenkt på kor fantastisk det er at vi kan snakke? Men kvifor snakkar vi? Når starta det? Kvifor er det ikkje det same språket i heile verda?
Sport og idrett er noko vi både driv med, og let oss underhalde av. Du har gymnastikk på skulen, og kanskje held du på med ein sport i eit idrettslag på fritida di.
Som tv-underhaldning er sport veldig viktig. Berre tenk på alle store sportsstemner som OL og VM. Sport er både for dei profesjonelle, som lever av det, og alle oss andre som driv med sport mest for moro.
Så har vi alle som håper på å bli gode nok til kanskje å ha det som leveveg. Lønningane i enkelte sportar, som fotball, er kjempehøge. Veldig få blir gode nok til å få slik betaling, men håpet lever!
Det er mykje pengar i sport. Kjøp av sportsutstyr. Løn til dei store sportsstjernene. Reklamepengar og betaling for senderettar til TV og mykje anna.
Sport er også politikk. Du har kanskje høyrt tale om både sportsvasking og utestenging. Kva det faktisk betyr, kan du lese meir om i dette bladet.
Å drive med ein idrett kan vere veldig fint, både sosialt og fysisk. Å vere aktiv saman med gode venner, gjer at vi blir lykkelege.
Framside av Mai Lindberg.