Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Norsk Barneblad

Norsk Barneblad 9/22

Vanlig pris 65,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 65,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.
DEI GRUFULLE PIRATANE
Dei har mange namn – sjørøvar, pirat, korsar, buccaner eller kystens brør. Med trebein, ein krok som hand, med lapp over auge og ein papegøye på skuldra. Lang jakke, tresnuta hatt og med gullring i øyra og med fletta skjegg. Det er slik vi ofte tenker på dei, men dette er nesten rein fantasi.
Dårleg betalt arbeid og strenge forhold på land, gjorde at mange såg på sjørøveri som ein måte å skaffe seg eit friare liv på. Rikfolk, landeigarar og adelsfolk gjorde livet hardt for dei som ikkje hadde så mykje. Då blei ikkje vegen så lang for unge sjøfolk med eventyrlyst og pågangsmot.
I det verkelege livet var sjørøverane både vondskapsfulle og grådige. Dei var barbariske menn og kvinner som levde og døydde med pistol eller dolk i handa. Dei brukte sine ofte korte liv på å røve ting frå andre. Trass i dette, så er dei stadig gjort til heltar i filmar og bøker.
Kvifor det?

Framsideteikning av Mai Lindberg