
Teater er gøy!
Nana LynumSosiale media gjer at vi kan presentere oss på mange ulike vis i ulike kanalar. Vi trur jo ikkje at dei populære influensarane er akkurat slik dei viser seg fram...
Norsk Barneblad
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Teater – no og før
Å prøve å vere nokon annan enn den ein er, kan vere både spennande og gøy. Å spele teater er slik. Kanskje det blir spela teater på skulen din? Då kan du få prøvd deg. Eg spela den vonde dronninga i «Alice i Eventyrland» då eg gjekk på skulen. Det var verkeleg ei oppleving eg enno hugsar godt. Å få lov til å vere skikkeleg vond var gøy. Så har du høvet til det, prøv deg på ei rolle. Det er både litt nifst og morosamt.
Ja, sjølv i kvardagen er det litt rollespel. Kanskje tenker vi ikkje så mykje over det, men vi er fleire personar enn berre ein. Du er ein person saman med bestevennen din, men ikkje heilt den same når du er saman med foreldra dine, eller på skulen, eller på fotballen. Små forskjellar finst, om du tenker nøye over det.
Sosiale media gjer at vi kan presentere oss på mange ulike vis i ulike kanalar. Vi trur jo ikkje at dei populære influensarane er akkurat slik dei viser seg fram på TikTok, Snapchat eller Instagram. Vi veit at dette er roller dei spelar.
Jobben til skodespelarane på teateret er å vere ulike personar i forteljingane eller teaterstykka som blir oppførte. Teater er ei skikkeleg gammal kunstform som er like aktuell i dag som for meir enn 2500 år sidan.
Ein av dei enklaste måtane å bli ein annan på, er å bruke maske. Masker er like gamle som teateret.
Å iscenesette seg sjølv er ikkje noko nytt, men kanskje driv vi meir med det i dag, fordi det er så lett. Vi tar eit foto eller filmar ein liten video og legg ut.
Kva tenker du, er det eit slags teater?
Nana
Norsk Barneblad for nysgjerrige barn i alle aldrar
Lærarrettleiing for dette nummeret finn du under hovudmenyen.