
Sopp er topp!
Nana LynumSopp er topp! Kva tenker du på når du les ordet sopp? Sjampinjong på pizzaen? Eller verdas største levande organisme? Eller penicillin som har redda millionar av liv?
Norsk Barneblad
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
Dei vennlege kjempene – kan kvalane redde havet?
Ei blåkvalmor har barn i magen i heile 11 månadar. Kvalungen kjem ut med halen først, så han ikkje skal drukne. Ved fødselen er ungen større enn ein elefant! Han sym fort til overflata for å puste. Ungen liker å leike med mor si, sprelle på ryggen hennar og bruke luffane hennar til sklie eller gøymsle. Ein oppførsel ikkje så forskjellig frå vår, altså.
Dei fleste av oss har kanskje ikkje tenkt på livet i havet som viktig for klimaet. Vi veit ein god del om kor viktig jungel og skog er for klimaet. Det er superviktig å ta vare på regnskogen, fordi han produserer oksygen og bind karbondioksid. Regnskogen blir ofte kalla verdas lunger. For å leve må vi puste, og då må vi ha lunger. Det gjeld både verda og oss.
Kva med havet og dei som lever der? Vi ser nærare på havet. Betyr livet i havet noko for våre liv her på landjorda?