Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Norsk Barneblad

Norsk Barneblad nummer 8/22

Vanlig pris 65,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 65,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.

Tid for dinosaurar

Det er rart å tenke på korleis det var her på jorda før vi kom. Då var det kjempesvære dyr som var sjefane, og ikkje oss. Det var lenge til vi skulle komme. På den tida var dyra mykje større enn i dag fordi lufta inneheldt meir oksygen. Dinosaurane var sjefane. Tyrannosaurus rex var som rex tyder, kongen.

Vi veit ein god del om livet på jorda på den tida, men ikkje alt. Mykje må vi berre tenke oss fram til. Det er ufatteleg mykje ein kan finne ut av gamle beinrestar og avtrykk i stein og kvae. Det er eit krevjande detektivarbeid å setje saman bitar og tolke svaret ein får. Å arbeide som paleontolog, må vere veldig spennande.

Det er litt pussig at ein dyreart som levde for 66 millionar år sidan, enno gir oss så mykje spenning og glede. Dei var både store og nifse. Vi veit mykje om dei, men likevel lite. Berre det, er spennande.

I over hundre år har Hollywood laga filmar om dinosaurar. Du kjenner nok godt til filmen «Jurassic Park» av Steven Spielberg. Filmen er frå 1993, men du kjenner han nok likevel. I filmen klarer forskarar å vekke til live mange ulike dinosaurar ved hjelp av DNA-teknologi. Det blir laga ein flott park der dyra kan leve, og folk kan komme for å sjå dei. Det går veldig gale når ein tyrannosaurus rex klarer å rømme frå parken.

Bøker om dinosaurar er populære, og leike-dinosaurar sel godt. Du har sikkert både ein og to i plast. I dette nummeret av barnebladet kan du lære nytt om desse dyra.