Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Norsk Barneblad

Norsk Barneblad nummer 8/25

Vanlig pris 69,00 NOK
Vanlig pris 69,00 NOK Salgspris 69,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.

VITSKAP OG FORSKING

Kva er vitsen? Er det ikkje berre litt rare folk med kvite frakkar som tutlar rundt i laboratorium og miksar saman rare væsker i reagensrøyr for å sjå kva som skjer? Svaret er nei. Sjølvsagt arbeider mange forskarar i laboratorium og har kvite frakkar. Til dømes dei som utviklar medisinar for oss. Vitskap og forsking gjer at verda går framover. Med kunnskap kjem endringar. I 1887 då den første utgåva av Norsk Barneblad kom ut, såg alt heilt annleis ut. Mange sjukdomar, som du ikkje treng vere redd, kunne ta livet av oss. No har vi medisinar. Utvikla av flinke vitskapsfolk og forskarar. Vi har fly, mobiltelefonar, tv, bilar og mangt anna som ikkje fanst i 1887. Vitskap og forsking har gitt oss mange nyttige oppfinningar. Forsking og vitskap, fakta og kunnskap, saman med ein god dose kreative idear, gjer at verda går framover. Å stille spørsmål og leite etter svar, er viktig. Det er aldri dumt eller feil å lure på noko. Det gjer livet meir interessant, og gjer oss litt klokare. I Norsk Barneblad heiar vi på alle nysgjerrige menneske som stiller spørsmål og leitar etter svar.

Framside av Mai Lindberg