JULETRE
No er det på det mørkaste her oppe i nord. Difor er julefeiringa så viktig for oss. Mykje lys og god mat er akkurat det vi treng. Før vi feira...
«Nissen som gjekk seg bort». Det var ein gong ein liten nisse som gjekk seg bort. Han budde under ei hole under ei trerot langt ute i skogen. Ein dag gjekk Nils etter eit skispor og blei køyrd ned av ei jente på ski. Ho tok han med heim og let han sove i dokkesenga si. Nils ville heim og stakk av, men ante ikkje kvar han var. Det blei ei farleg ferd, men han fekk hjelp og opplevde mykje rart på vegen heim til hola si.
Tekst av Gard Espeland og teikning av Håkon Aasnes 2024
I «Fjøsnissane vender tilbake» er norske fjøsnissar bekymra. Nesten ingen trur på underjordiske skapningar lenger. Og om folk ikkje trur på dei, eksisterer dei eigentleg då? Her må noko gjerast. Fjøsnissane må vise det norske folk at dei lever i beste velgåande. Korleis gjer det dei?
Tekst og teikning av Øyvind Sveen og Ivan Emberland 2024
«Guten som gjorde seg til løve, falk og maur» og «Rike Per kremar» er to klassikarar til glede for nye og gamle lesarar.
Tekst Johannes Farestveit og teikning Solveig Muren Sanden 1974