Hopp til produktinformasjon
  • Framside av Tuss og Troll, julehefte 2022, teikna av Håkon Aasnes: to nissar går gjennom ein snødekt vinterskog om natta, med fullmåne mellom trea.
1 av 1

Norsk Barneblad

Tuss og Troll – Julehefte 2022

Vanlig pris 79,00 NOK
Vanlig pris 79,00 NOK Salgspris 79,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.
Det fornøyelege eventyret "Nisseluva", med tekst av Gard Espeland og teikning av Håkon Aasnes, fortel om to små nissar som ordnar opp og sørger for at nisseluva på nytt får sin rettmessige plass i den vesle bygda. I "Dei kvite krystallane", med tekst av Gard Espeland og teikning av Ivan Emberland og Øyvind Sveen, er det bakstekona Mari som reddar bygdefolket frå å sløve heilt bort ... "Buskebrura" og "Krambuguten og gammalosten"er eit gjensyn med streken til teikneseriedronninga Solveig Muren Sanden og tekstane til Johannes Farestveit, frå 1972.