Hopp til produktinformasjon
  • Framside av Tuss og Troll, julehefte 2023, med Solveig Muren Sandens illustrasjon frå 1973: ein gut sit på ei strand saman med ein katt og ein hund, med seglskip og eit slott i bakgrunnen.
1 av 1

Norsk Barneblad

Tuss og Troll – Julehefte 2023

Vanlig pris 89,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 89,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.

Husmannsjenta reddar far sin og endar til slutt opp med både kongen og heile kongeriket i forteljinga om «Den kloke husmannsdottera». I «Julereia» er det dei trøytte og slitne framande som reddar jula for dei snille småkårsfolka som er viljuge til å gi dei husrom ei kald natt før jul. Teiknarar er Håkon Aasnes, Ivan Emberland og Øyvind Sveen. Som vanleg får du eit gjensyn med Solveig Muren Sandens fargerike prinsesser og snille troll frå 1973.

"Julereia som blei borte" er eit nyskrive eventyr av Gard Espeland med flotte og stemningsfulle teikningar av Håkon Aasnes.

"Den kloke husmannsdottera" frå eit svensk sagn, er teikna og fortalt av Ivan Emberland og Øyvind Sveen.

"Guten som skulle tena tre år utan løn" er eit godt gammalt eventyr med tekst av Johannes Farestveit og Solveig Muren Sandens uforliknelege strek.

Så er det "Tommeliten" som det slettes ikkje går vel med. Teikna av Solveig Muren Sanden og fortalt av Johannes Farestveit.

Til sist eit gjensyn med "Reveenka". Teikna av Solveig Muren Sanden og fortalt av Johannes Farestveit.