Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Norsk Barneblad

Norsk Barneblad 01/2023

Vanlig pris 69,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 69,00 NOK
Avgift inkludert. Frakt blir rekna ut i kassen.
Du kjem frå havet!
Vi leiter alltid etter vatn når vi undersøker framande planetar. For utan vatn kan vi ikkje finne liv der. Alt liv kjem frå vatn. Alle kjem frå «urhavet».
Dei første levande organismane på jorda utvikla seg i urhavet. Etter kvart levde det fiskar og mangt anna nede i djupet. Sakte utvikla nokre av fiskane seg slik at dei kunne krype på land. Dette hende for rundt 370 millionar år sidan. Dyra som kraup opp på land, var dei første amfibia. Dei likna veldig mykje på fisk og hadde halefinnar. Dei kunne leve både i vatnet og på landjorda.
Amfibia var dei første firfota dyra (tetrapodar) som lærte seg å leve på landjorda. Dei er forfedrane til alle firfota dyr i verda, alt frå frosk til mus og frå menneske til elefant. Menneske gjekk på alle fire heilt til vi lærte oss å gå på to og gjorde om framføter til armar.
Vi har mykje å takke desse skapningane for. Fordi dei kraup opp frå havet, så finst vi. Det er viktig at vi tar vare på dei som er att. Amfibia er sårbare og ekstra utsette. Mange står i fare for å forsvinne heilt. Forureining, klimaendringar og tap av leveområde er viktige årsaker.